Tidas tungetale



Det heiter ikkje: vi – no lenger.
Heretter heiter det: eg!
Eig du lykka, så hugs at det skuldast
ingen andre enn deg! Alt det som bror din kan ta imot
er hans sak – kvar mann for seg!


Alt du lyt bry deg om børa til bror din
er delen som fell på deg.
Det er mange ikring deg som frys.
Lag deg eit bål, jag dei andre ifrå deg!


Hardt knytta nevar, mann imot mann,
verg deg, om så med vald!
Det hjelper da litt, når det røyner på
om du held deg kald!


Originalen (Unnskyld, Haldis Moren Vesaas).

	

© abre – 2010