Still


Eit svakt plupp høyres uti mørkret. Eit fiskevak. Elles er det berre knitringa frå bålet som bryt stilla. Eg fiskar ikkje. Eg har ikkje eingong med fiskestong. Eg berre sit her med ein rykande varm kaffikopp mellom hendene, og kjenner meg roleg for fyrste gong på lenge.

Det er stilla eg har sakna mest. Å få sleppe unna all slags skrammel – trafikk, gretne ungar, mobiltelefonar som pip alle stader. Og alt snakk, eg blir stundom så trøytt av det. Folk som snakkar altfor høgt for at alle skal leggje merke til dei, og folk som snakkar mest utan opphald. Fordi dei er redde sine eigne tankar?

Eg veit ikkje, men kanskje kunne fleire trenge eit bål i blant? Og ein kopp kaffi i mørkret ved eit fjellvatn? For tankane som kjem smygande i slike stunder er ingenting å vere redd for. Ein møter seg sjølv, og nokre gonger er det mest som å treffe att ein gammal kjenning. Eit gammalt venskap som ein har forsømt. Det er aldri for seint å ta opp att kontakten. Og heldigvis treng ein ikkje seie noko. Ein kan berre sitje der. Heilt still.


abre © 08